Norsk English

Sommarutstilling: Vårt herlige Hjem, 1814-2014

Utstillingssalen, Kabuso

31.05.2014 13:30 til 31.08.2014 17:00

Endeleg er "Brudeferden i Hardanger" (Tidemand og Gude, 1853) komen heim til Hardanger! Det velkjende biletet er ein av godbitane i sommarutstillinga i Kabuso 2014.

Sommarutstillinga Vårt herlige Hjem er sett saman av viktige arbeid frå den norske kunsthistoria. Her får du oppleva  «Brudeferden i Hardanger» og ei rekkje andre kjende og kjære verk. Alle tematiserer dei vestlandsnaturen som symbol, og utstillinga er slik ein del av grunnlovsjubileet.

Den fyrste halvdelen av 1800-talet stod i romantikken sitt teikn i Noreg. Både litteratur, musikk og biletkunst gav merksemd til den norske eigenart. Fjell- og fjordlandet Noreg vart gjenstand for både nasjonal og internasjonal interesse, og ikkje minst vart Hardangernaturen hyppig skildra.

Motiva ein finn i utstillinga, var under romantikken uttrykk for draumen om ein primitiv uskuld i grandiose og uberørte omgjevnader. Romantikken var knytt til både det idylliske og det storslagne i naturen, både det pittoreske (det maleriske, intime og harmoniske landskap) og det sublime (det opphøgde, det heroiske, storslagne, det ville, det fråstøytande og samtidig tiltrekkande landskap). Det avdempa og lavmælte - og det valdsame og tøyleslause - i både natur og i menneskesinn, vart høgverdige motiv, skildra symbolsk med passande naturscenerier. Men hardangernaturen vert også skildra og nytta i samtidas kunst.

«Vårt herlige Hjem» er sett saman av arbeid av kunstnarar frå ulike tidsepokar. Den norske nasjonalromantikken byr på fjellandskap av J. C. Dahl, fossar, brear og bunadskledde kvinner av mellom andre Tidemand, Astrup, Bull, Lehmann og Flintoe. Utstillinga bevegar seg vidare gjennom ulike målargenerasjonar, til kunstnarar som Marcus Grønvold, Else Christie Kielland og Rolf Groven.

I meisterverket «Brudeferden i Hardanger» er både den sublime naturen og tradisjonsberande ritual i fokus. Dei spesielle bryllupsrituala og den storslåtte naturen er fletta saman. I utstillinga vert det dvelt ved tradisjonane, og du får moglegheit til å fordjupa deg i Rasmus Breistein sin stumfilm «Brudeferden i Hardanger» frå 1926, tonesett av Bergen Filharmoniske orkester.

 

Kurator for utstillinga er Knut Ormhaug, sjefskonservator ved KODE, Bergen.

Det vert omvising i utstillinga kvar sundag klokka 12. Her treng du kun vanleg billett for å delta.


Les meir om Brudeferden sin heimkomst i linken under (BT 02.01.2014):

http://www.bt.no/bergenpuls/Brudeferden-kjem-heim-til-Hardanger-3031520.html#.UsuyHdLuI40