Norsk English

Video: Woman cleaning shame

Foajéen, Kabuso

08.07.2014 00:00 til 31.08.2014 17:00

I foajéen i Kabuso kan du no sjå den mykje omtalte videoperformancen Woman cleaning shame av Gitte Sætre. 

Videoen set fokus på norsk politikk og val knytt til menneskerettar og miljø m.m. - og har vekt oppsikt grunna bruken av det norske flagget. 

Videoperformancen vert vist som ein del av prosjektet Mellom Himmel og Fjord - SJÅ! i regi av kuntnarorganisasjonen Harding Puls.

Les meir: 
www.gittesatre.com 
www.kunstlandskap.no