Norsk English

Utstilling: Åse Ljones - Helsingar

Utstillingssalen, Kabuso

13.09.2014 13:30 til 26.10.2014 16:00

13.09-26.10

Hausten 2014 stiller Åse Ljones ut kunstverk av tekstil i Kabuso.  

Bileta er gjerne abstrakte eller sett saman av ulike fragment. Ljones broderer tekstilar som er berarar av forteljingar og historier. Menneske ho har møtt og hendingar ho har vore med om tek plass i teppa.
Samstundes er Ljones medviten om materiala ho jobbar med som ein del av det visuelle uttrykket, strukturen i broderia. Ho er oppteken av kontrastane mellom lys og mørke og kva for verknader dette skapar. Respekten for den gamle handverkstradisjonen er stor. Ho nyttar likevel dette på ein nyskapande måte.

Ljones er fødd og oppvaksen i Strandebarm og tek no kunsten sin heim til Hardanger, tilbake til landskapet og menneska som har inspirert ho. Til utstillinga i Kabuso tek Åse Ljones med seg fleire nye verk.