Norsk English

Konsert med Frida Ånnevik og In The Country 22. januar 2015 kl 19

Konsertsalen, Kabuso

22.01.2015 19:00

Vokalist Frida Ånnevik er ein av de mest hylla og talentfulle unge songarane og låtskrivirane i den nye generasjonen. Frida har to kritikarroste soloplater på samvitet og ein Spelemann og fleire andre høgthengande prisar på peishylla. Saman med trioen In The Country har ho laga eit album som er lyrisk og melankolsk - nesten umogleg å ikkje bli berørt av.

In The Country har hogd ut si heilt personlege hylle i pianotrio-berget. Med pianist og komponist Morten Qvenild (Susanna & the Magical Orchestra, Jaga Jazzist, sPacemoNkey) i front har dei trakka opp stier som ingen andre pianotrioar har gått føre dei. Bandet slepp no sitt første heile album med vokalist, med norske tekster av lyrikaren og skogsarbeideren Hans Børli.

In The Country:

Morten Qvenild, piano

Roger Arntzen, bass

Pål Hausken, trommer

Frida Ånnevik på FB: https://www.facebook.com/fridaann?fref=ts 

In The Country på FB: https://www.facebook.com/inthecountrytrio