Norsk English

Kunstverkstad på Siderfestivalen

Marknadsplassen, Hardanger frukt- og siderfestival

03.10.2015 00:00

Skraver overflata på ein stein eller barken på eit tre. Undrar du kva det vil seie å skravere? Kom på verkstad med kunstnar Anne Helen Mydland på marknaden laurdag. Saman med ho kan du lage ditt eige skraverte kunstverk.

Mydland deltek for tida i gruppeutstillinga TEMP ...either way - i Kabuso. Skravering er ein teknikk Mydland har nytta i verket Vik-dialoger kor ho har skravert fleire av Ingebrigt Vik sine skulpturar.