Norsk English

Utstillingsopning: Anngjerd Rustand - Blåbær og aske

Foajéen, Kabuso

31.10.2015 13:30 til 16:00

Laurdag 31. oktober kl 13.30 opnar utstillinga Blåbær og aske i foajéen i Kabuso.

Blåbær og aske (2015) er sett saman av nærare to hundre måleri på silkepapir. Desse har vorte til i gjentakinga av eitt enkelt grep: Saft av blåbær og ei oppløysing av aske og vatn er blanda saman og helt ut over dei skjøre arka. 

Pigmentet som gjev blåbæret farge er ph-følsomt. Aukande tilføresel av den basiske aska trekkjer fargen frå intenst raud via fiolette, blå og grøne nyansar - før dette ved eit visst blandingsforhold vert brote ned til bleikare jordfargar. 
Veska vert filtrert gjennom papiret og dannar bekkar og formasjonar i ulike fargar etter kvart som ho trekkjer utover.
Blåbær og aske er eit landskapsbilete og eit mikrokosmos.

Bileta vert brotne ned over tid. Til utstilinga i Kabuso viser Anngjerd Rustand eit utvalg av dei nyaste bileta frå serien. Desse vert montert i foajéen, der dagslyset vil endra og bleikna fargane i løpet av utstillingsperioden.