Norsk English

Foajéutstilling: Anngjerd Rustand - Blåbær og aske

Foajéen, Kabuso

01.11.2015 13:30 til 13.12.2015 16:00

Foajéutstillinga i Kabuso, Blåbær og aske (2015),  er sett saman av måleri på silkepapir. Desse har vorte til i gjentakinga av eitt enkelt grep:
Saft av blåbær og ei oppløysing av aske og vatn er blanda saman og helt ut over dei skjøre arka. 

Pigmentet som gjev blåbæret farge er ph-følsomt. Aukande tilførsel av den basiske aska trekkjer fargen frå intenst raud via fiolette, blå og grøne nyansar - før dette ved eit visst blandingsforhold vert brote ned til bleikare jordfargar. 
Veska vert filtrert gjennom papiret og dannar bekkar og formasjonar i ulike fargar etter kvart som ho trekkjer utover.


Blåbær og aske er eit landskapsbilete og eit mikrokosmos.
Bileta vert brotne ned over tid. Til utstilinga i Kabuso viser Anngjerd Rustand eit utval av dei nyaste bileta frå ein større serie. Desse vert utstilte i foajéen, der dagslyset vil endra og bleikna fargane i løpet av utstillingsperioden.