Norsk English

Sigrid Moldestad - Vintersong

Konsertsalen, Kabuso

13.12.2015 18:00

Konserten er utseld!
Årets førjulsoppleving - i Kabuso sundag 13. desember kl 18: Stemningsfull konsert med folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad i følgje med strykekvartetten Oslo Strings, gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom.


Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turneen "Vintersong", og gjev ut 3 nye songar i ein eigen jule-EP. Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle både utgjevinga og konsertstadane ho besøkjer før jul.


Turneen fylgjer opp suksessen frå i fjor, der Sigrid skapte magi i utselde hus. I år vert råma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjend for å utfordre grensene for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk.
Dei er også mykje nytta i studio, både til filmmusikk og plateinnspelingar.

Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

"Eg gler meg veldig til å skape musikk og kveldsstunder saman med desse fantastiske musikarane. Det vert utrulig spanande og spele nye versjonar av mine eigne songar og eg trur det blir inspirerande å utforske nye uttrykk i både dei og i meir velkjende julesongar", seier Moldestad.

Vintersong har fått tittelen sin frå songen Sigrid Moldestad skreiv til turneen i fjor. " Sover vreden på jorda når det er natt?" er startlinja på songen, og Sigrid seier det var alle dei sterke inntrykka frå media og ei verd i uro som fekk henne til å skrive den. Den situasjonen er kanskje endå verre no, og Sigrid seier ho vil markere si støtte til dei som no er i naud på konsertane sine framover.

"Det er viktig at vi engasjerar oss. Vi som artistar kan bidra gjennom vårt arbeid, ikkje berre gjennom stønad, men også med å gje håp og pause frå inntrykka vi får. Musikk har ei helande kraft på menneskje, og eg trur at folk sine behov for å vere saman, sitje tett, oppleve, høyre og sanse er noko av grunnen til at julekonsertane samlar så mange. Vi treng å vere ilag," forklarer Sigrid.

Om Sigrid Moldestad:
Sigrid Moldestad har gjeve ut 4 plater etter debut som soloartist i 2007. Den siste kom i fjor. "Brevet til kjærleiken" med tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad. Plata vart mellom anna kåra til "Årets album", uansett genre i NKR P1 ́s "Norsk på Norsk". Moldestad turnerar stadig med sitt eige band og har med sitt genreoverskridande uttrykk spelt på så vel Malakoff Rockfestival, Førde Folkemusikkfestival og Vossajazz. Ho har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannsprisen for plata "Taus" i 2007. I tillegg til eigne prosjekt spelar ho også jamt i Karl Selglem Band.

...................................................................................................................

Omtalar: 
Brevet til kjærleiken befester hennes mesterskap. Hun har en egen evne til å finne de rette tonene i formidlingen av dens gåtefullhet og makt på oss mennesker
. -Aftenposten 6/6

Musikken er gjennomgående mollstemt og melankolsk, helt i tråd med sårheten i mange av tekstene. - Bergens Tidene 6/6

Hun har en stemme som glitrer. - Dagbladet 5/6

Moldestads musikk er simpelthen nydelig  - VG 5⁄6

En fremragende formidler av norsk folkemusikktradisjon. Her hentes det inspirasjon både fra Americana, blues og annen tradisjonsmusikk, men samtidig er det aldri tale om verken utvanning eller forflatning. - (Bergens Tidende)

Kjøp billett her: https://kabuso.ticketco.no/sigrid_moldestad__vintersong