Norsk English

Utstilling: Marius Moldvær - HEIMAT/HIRAETH

Utstillingssalen, Kabuso

07.02.2015 00:00 til 01.03.2015 00:00

Marius Moldvær sitt kunstnariske virke er plassert i kryssingspunktet mellom natur og kultur; korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og korleis stader vert konstruerte både fysisk, kulturelt og mentalt.

I utstillinga HEIMAT/HIRAETH ved KABUSO 7. februar - 1. mars 2015 vil Moldvær gå djupare
inn i temaet heim, då både med utgangspunkt i sin eigen heimstad Aurland, samt dei to
uttrykka Heimat og Hiareth. Mellom den fysiske heimstaden og dei to uoversettbare orda,
ynskjer Moldvær å diskutera korleis ein kan kjenna seg igjen i eit landskap, korleis ein kan
tilhøyre ein fysisk stad, lengte tilbake til han samstundes som "Heim" er noko uhandterleg,
utan grenser og fysiske rammer. Det er denne todelte forståinga av Heim som Moldvær vil
forsøka å føra saman i utstillinga Heimat/Hiraeth, der han meiner at ei forståing av Heim som
anten eit fysisk landskap eller ei emosjonell kjenlse er utilstrekkeleg; det er heller i symbiosen
mellom desse to forståingane at kompleksiteten og den fulle utstrekninga av heim kan verta funnen.
"Heimat and Hiraeth. Two words that have no clear, or direct translation into English, or any other
language than their mother tongue, as in many ways they refuse this translation. The two words are
worth mentioning together, as they both speak of home, homelessness, homesickness,
belonging
and place. That they have no proper translation, and that they each speak of a certain
landscape,
and a culture, is why I have chosen them. They contain the duality between
the ephemeral and
concrete that we all, I believe, speak of when we speak of home, belonging, landscape, and place.
Utdrag frå publikasjonen «Heimat/Hiraeth» Les meir på nettstaden til Marius Moldvær http://mariusmoldvaer.com/
Sjå meir i Kabuso sitt nyhendebrev for februar her