Norsk English

Kunstprat med Marius Moldvær

Utstillingssalen, Kabuso

01.03.2015 13:00

Møt kunstnar Marius Moldvær i ein uformell samtale om utstillinga Heimat/Hiraeth i Kabuso sundag 1. mars klokka 13.30.

Denne dagen er og siste visningsdag for utstillinga.

Marius Moldvær sitt kunstnariske virke er plassert i kryssningspunktet mellom natur og kultur; og korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og korleis stader vert konstruerte både fysisk, kulturelt og mentalt. Moldvær er vinnar av konkurransen om beste verk under Vestlandsutstillinga 2013. Premien var ei separatutstilling på Kabuso.