Norsk English

Majorstuen - KVITRE

Konsertsalen

17.04.2015 19:00

Felefest i femten år! Folkemusikkensemblet Majorstuen kan i 2015 feire heile 15 år saman! Det gjer dei mellom anna med å spele opp til eit artsmangfold av fuglekomposisjonar på Kabuso 17. april klokka 19. 

 

CD-en «Kvitre» er bandet sitt sjette album, og konserten er del av lanseringsturnéen. Musikken er inspirert av fuglar og fuglesong. Majorstuen er kjend for strålande solistar i godt samspel med humoristisk snert, og for sitt nybrotsarbeid på den norske folkemusikkscena. 

Til førestillinga er det laga illustrerande animasjonsfilmar.

Publikum vil få høyre mellom anna svanen sin vakre dødssong, parringleikne til den sjeldne kakapoo'en, dompapen si bekymringslause vandring og den melankolske svarttrosten sin umiskjellige melodi. 

Det heile starta med eit studentspelemannslag i 2000, ved Norges Musikkhøgskole. Felekameratane bestemte seg tidleg for å legge lista høgt - og fekk Spellemannpris for sitt debutalbum i 2003. Dei skreiv seg fort inn i musikkhistoria som eit band som bana veg for den norske folkemusikken, til nye publikumsgrupper i alle aldrar, i inn- og utland.

Berre utstyrt med strykeinstrument skapar dei magi på scena: Det energiske samspelet, den humoristiske formidlinga og det utadvendte scenespråket begeistrar igjen og igjen, - framom tusen tilskodarar i Théâtre de la Ville (Paris) så vel som for ein skokk små entusiastar på Skjoldtun Barnehage. 

Majorstuen er Jorun Marie Kvernberg (fele), Synnøve S. Bjørnset (fele), Anders Löfberg (cello/fele), Andreas Ljones (fele/bratsj) og Tove Hagen (fele/cello/bratsj)

Illustrasjonsbilete: Majorstuen, fotograf Marius Beck Dahle.  

Sjå òg Event på Facebook https://www.facebook.com/events/877165925674475/  

Majorstuen på FB https://www.facebook.com/Majorstuen?fref=ts