Norsk English

Sweet Mysterious med Mari Kvien Brunvoll og Simone Hooymans

Konsertsalen, Kabuso

11.04.2015 15:00

Mari Kvien Brunvoll sin forførande musikk smeltar saman med Simone Hooymans animasjonsfilmar i ein gratis minikonsert i Kabuso sin konsertsal etter opninga av Kinck-utstillinga

For to år sidan spurde Simone om Mari ville synga på opninga  av soloutstillinga hennar på Galleri Puls i Norheimsund. Fra augneblinken då Mari byrja syngja var det som om arbeidet til dei to kunstnarane smelta saman til noko ein ynskjer å fly vekk i. 

Etter denne erfaringa fann Simone ut at ho ville laga ein ny animasjonsfilm basert på songen Sweet Mysterious av Mari Kvien Brunvoll. Denne filmen vil bli vist saman med Mari sine songar mens Simone er VJ under konserten.

Først blir det filmvisning med Simone sin nye animasjon, deretter spelar Mari konsert mens Simone viser fleire animasjoner med VJ performance.

Mari Kvien Brunvoll (fødd1984 i Molde, Norge) syng jazz og folkemusikk og har fått mykje merksemd på festivalar kringom i verda med solokonseptet sitt. Ho brukar stemma i lag med små elektroniske og akustiske instrument når ho produserer lyd inspirert av jazz, pop og folkemusikk.

Simone Hooymans (fødd 1974 i Nederland) er ein kunstnar som arbeider med tegning og animasjon. Ho har vist animasjonskunsten sin på internasjonale filmfestivalar. Simone er kjend for sin naive stil og dei atmosfæriske lanskapa ho lagar.

 

Konserten finn stad etter at opninga av Kinck-utstillinga kl. 13:30 er ferdig. Det høver godt å få med seg begge hendingane i Kabuso!