Norsk English

Omvising i Hans E. Kinck 150 år: Illustrasjonar av Astrup & Egner

Utstillingsalen, Kabuso

26.04.2015 13:30

Det vert omvising i utstillinga Hans E. Kinck 150 år: Illustrasjonar av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner sundag 26.04 klokka 13.30 med vår formidlar. Omvisinga er inkludert i billettprisen.

Kabuso feirar 150-årsjubileet til forfattaren Hans E. Kinck med ei utstilling av illustrasjonane Thorbjørn Egner og Nikolai Astrup gjorde til nokre av dei mest kjende og kjære novellane hans, som "Hans som var saa fæl til at fri", "Den nye kapellanen" og "Hvitsymre i utslaaten".


Illustrasjonane er ikkje tidligare vist saman og i dette omfang. Utstillinga inneheld tresnitt, grafikk, måleri og originale trykkplater av Nikolai Astrup, fargelitografi og tresnitt av Thorbjørn Egner.