Norsk English

Hans E. Kinck 150 år. Illustrasjonar av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner

Kunsthuset Kabuso

11.04.2015 13:30

I 2015 feirar Kabuso 150-årsjubileet til forfattaren Hans E. Kinck med ei utstilling av illustrasjonane Thorbjørn Egner og Nikolai Astrup gjorde til nokre av dei mest kjentde og kjære novellene hans, som "Han som var saa fæl til at fri", "Bygdetyvens død" og "Hvitsymre i utslaaten". Utstillinga vert opna av Idar Stegane, professor emeritus i nordisk litteratur, Universitetet i Bergen.

Illustrasjonane er ikkje tidligare vist saman og i dette omfang. Utstillinga inneheld tresnitt, grafikk, måleri og originale trykkplater av Nikolai Astrup, fargrlitografi og tresnitt av Thorbjørn Egner.

Hans E. Kinck 150 år. Illustrasjonar av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner skal vidare synast på Astruptunet ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum sommaren 2015.

Utstillinga står til og med 17. mai.

OMVISNING sundag 26. april kl. 13.30
Sundag 26. april kl. 13.30 tilbyr me omvisning i utstillinga, inkludert i inngangs-billetten.