Norsk English

Opning: Edvard Munch. Natur og kjensle

Utstillingssalen, Kabuso

30.05.2015 13:30

Det vert ei storhending når Kabuso opnar årets sommarutstilling med grafiske verk av Edvard Munch laurdag 30. mai klokka 13.30. Tematikken i utstillinga er natur og kjensle. Utstillinga vert opna av psykolog Frode Thuen. Direktør for Hardanger og Voss museum, Randi Bårdtvedt ynskjer velkomen. Etter opninga vert det konsert med Knut Christian Jansson (piano) i konsertsalen.

Det berande grepet i dette utvalet grafiske trykk av Edvard Munch (1863-1944) er at bileta nyttar natur og landskap som metafor for eit indre kjensleliv. Medan somme av verka er reine naturskildringar syner fleirtalet enkeltpersonar og mellommenneskelege relasjonar plassert i ulike landskap. Bileta presenterer eit breitt spekter av kjensler, som melankoli og sorg, einsemd og samhald, kjærleik, attrå og sjalusi. Me finn kjente motiv frå Munch sin kunstnarskap, men i uvande og til dels eksperimentelle utføringar.