Norsk English

Gamlislarm: Thea Hjelmeland

Kabuso

05.07.2015 15:00

Årets Gamlislarm i Kabuso er en 45-60 minutts konsert med Thea Hjelmeland i konsertsalen.  Hjelmeland tek oss på ei musikalsk reise gjennom nære og fjærne himmelstrøk. Konserten er retta mot eldre. I samarbeid med Bygdalarm og Den kulturelle spaserstokken.

Ein av artistane som vart framheva i forkant av årets by:Larm, var denne dama. Thea Hjelmeland hausta lovord frå alle kantar etter at ho slapp debutplata "Oh The Third" i 2012. Men det er med andreplata, "Solar Plexus", at ho verkeleg har vorte lagt merke til, både av publikum og kritikarar. Femmarane og seksarane sit laust og med fantastiske låtar, ei aldeles nydeleg stemme og ymse strenginstrument i kofferten, klarar ho å gripa alle tilstades. Og så klarte ho å gripa ein Spellemannpris i tillegg, gitt. Og kva sa alle som hadde forventningar til denne føreståande by:Larm-seansen? Ikke rart at publikum lytter andektig og sluker alt med største selvfølgelighet. The Hjelmeland kan virkelig ta et rom", skreiv Dagbladet. "Hjelmelands halvtime av verdenspop føles som en reise fra skog til prærie, og derfra til verdensrommet" supplerte VG.