Norsk English

Larm i Kabuso

Kabuso

04.07.2015 00:00 til 05.07.2015 00:00

I samband med Bygdalarm inviterer Kabuso til Badnalarm, Littlarm og det nye konseptet Gamlislarm. I tillegg har me utvida lunsjmeny for svoltne larmarar. I Kabuso er det Bygdalarm for alle!

Badnalarm: Konsert for born i alle aldrar med det tøffaste bandet på Vestlandet: RAZIKA.

Littlarm: Patti Smith på nynorsk. Kari Harneshaug framfører låtane. Ragnar Hovland og Brit Aksnes samtaler om Patti Smith. I samarbeid med Kvam Mållag.

Gamlislarm: Thea Hjelmeland tek oss med på ei musikalsk reise gjennom nære og fjærne himmelstrøk. Konserten er retta mot dei over 70.