Norsk English

Littlarm: Patti Smith på nynorsk

Kabuso

04.07.2015 15:00

Kari Harneshaug tolkar Patti Smith på nynorsk. Ragnar Hovland samtalar om Patti Smith med Brit Aksnes. I samarbeid med Bygdalarm og Kvam mållag.

Få artistar har den statusen som Patti Smith har, ho er nærast mytisk sjølv om ho framleis turnerer og kanskje er meir tilgjengeleg enn noko tid. Pønkens gudmor utmerkjer seg med sterke låtar og svært poetiske, djupe tekstar, ei kjelde til inspirasjon også til forfattarar. Ragnar Hovland, Agnes Ravatn og Brit Bildøen er tre av desse. Etter at Bildøen omsette Smith-sjølvbiografien Just kids trefte ho songar og låtskrivar Kari Harneshaug på eit arrangement på Trondheim folkebibliotek. Harneshaug kjem til Øystese og tolkar tekstane saman med Karl Gøsta Klaseie. Til og snakka meir om Patti Smith og gjendikting kjem Ragnar Hovland.


Kari Harneshaug er ein songar, tekstforfattar og låtskrivar mest kjend for sitt soloprosjekt kor ho no jobbar med si tredje plate. Sidan 2013 har ho i tillegg fordjupa seg i Patti Smith sine tekstar, bøker og musikk, og fekk då ideen om å gjere nye tolkingar av songane hennar på nynorsk. Oversettinga av tekstane er gjort av Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn. Med seg i tolkingsarbeidet har Kari med seg gitarist Karl Gøsta Klaseie, og saman vil dei gi dykk Patti Smith på nynorsk under Littlarm 2015!