Norsk English

Eplejazz: Amigo Tom

Foajéen, Kabuso

20.09.2015 14:00

Amigo Tom - «Med stor kjærleik til den brasilianske musikken.» I Kabuso-kaféen sundag 20. september kl 14.

Amigo Tom er:
Eva Bjerga Haugen (vokal), Tom S. Lund (gitar) og Tor Yttredal (saksofonar/fløyte)

Nokre gongar opplever ein musikalsk kjærleik og venskap frå første tone. Det var det som skjedde då Tom S. Lund, Tor Yttredal og Eva Bjerga Haugen spela saman for første gong hausten 2010.
Saman presenterte dei brasilianske tonar som fekk hausten til å vårast og forfrosne hjarte til å tina. 

Trioen spelte under Maijazz året etter og har gjort fleire konsertar i regionen etter dette. Konserten under MaiJazz vart tatt opp og kringkasta ved fleire høve av NRK P2, Jazzklubben.

Prosjektet har fått tittelen Amigo Tom, og det av fleire grunnar. Sjølvsagt på grunn av at ordet amigo betyr ven, men det viser både til den store brasilianske komponisten Antonio Carlos Jobim (populært kalt Tom), på frontfigur i prosjektet Tom S. Lund, og på det portugisiske ordet tom som tyder tone på norsk.

Det er duka for eit djupdykk i den brasilianske sangskatten, men med låtar som ikkje er så velkjende for det europeiske publikumet. Låtmaterialet er handplukket av Tom, kvernet gjennom gitaren hans og skreddarsydd for ensemblet. Musikken sydar av lengtnad og undertrykt lidenskap.

Bem vindo! Velkomen!


Lytt her: https://soundcloud.com/amigo-tom