Norsk English

Eplejazz: Michael Wallace Quartet

Foajéen, Kabuso

09.10.2016 14:00

Sundag 9. oktober du setja av til eplejazz med Michael Wallace Quartet i Kabuso-foajéen. God musikk og triveleg kaféstemning - ein uslåeleg kombi!      

Michael Wallace - tenorsaksofon
Thomas Dahl - gitar
Petter Asbjørnsen - kontrabass
Øyvind Skarbø - trommer

Kvartetten kom saman i 2015 og spelar utelukkande originalkomposisjonar av saksofonist Michael Wallace. Australiaren har tidlegere budd i Bergen kor han har spela med ei lang rekkje artistar - frå Frode Grytten til Fagernes Yacht Club.

Her får du også høyra han som komponist, og det er med eit gledeleg sterkt materiale. Repertoaret er sett saman av av moderne jazz - framført med høg temperatur.
Rytmeseksjonen består elles av tre solide musikarar som har sett seg godt inn i materialet og som alle er eineståande solistar. 

Lytt og les meir her

I samarbeid med Vestnorsk jazzsenter, Den musikalske stamvegen

Billettar i  sal HER

Michael Wallace Quartet Til Kabuso