Norsk English

ROSE med Fliflet/Bråten Berg/Røine 

Konsertsalen, Kabuso

27.10.2016 19:00

I konserten Rose i Kabuso torsdag 27. oktober kl 19 møter du tre av våre beste folkemusikarar - med songar av Robert Burns til ny, melodiøs musikk av Gabriel Fliflet.

Kirsten Bråten Berg - song, munnharpe, egg

Anders Røine - langeleik, gitar, fele, munnharpe, song

Gabriel Fliflet - trekkspel, piano, song

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.
Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose - den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose er eit tingingsverk til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på.
I Rose får du høyra mange vakre kjærleikssongar, til tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele - men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande trekkspel!

Gabriel Fliflet har tidlegare laga ei rekkje tingingsverk, m.a. Åresong saman med Jon Fosse, som fekk ei begeistra mottaking frå publikum og kritikarar (Festspillene i Bergen 2010). I musikken hans kan ein finna vendingar frå Hellas så vel som Hardanger. «Melodiøst, men uventa» er Gabriel Fliflet sitt ideal.

Kvedardronninga Kirsten Bråten Berg er hovedvokalist i Rose, medan Anders Røine og Gabriel Fliflet spelar ei rekkje instrument - og syng, dei òg. Dei tre musikarane kjenner godt til kvarandre, men dette er fyrste gongen dei spelar i lag!


Kirsten Bråten Berg er ein stor tradisjonsbærar og ein nestor i norsk folkesong, som har bringa vokalmusikken frå Setsdal ut til eit stort publikum. Banebrytande samarbeid med norske folkemusikarar og musikarar innan andre sjangrar, m.a. Arild Andersen, Nana Vasconselos og Marylin Mazur. Kirsten Bråten Berg er statsstipendiat og riddar av St. Olavs orden, 1. kl.

Anders Røine er ein nyskapande, folkemusikalsk multimusikar. Har vunne landskappleiken fem gonger på munnharpe. Spelar òg m.a. langeleik, bandlaus banjo, fele og hardingfele, gitar. Anders Røine er òg vokalist, instrumentutviklar og den eine halvdelen av kritikerroste Sudan Dudan. Samarbeid med m.a. Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Steve van Zandt, Sigrid Moldestad.

Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist med trekkspel som hovedinstrument og med lang fartstid i ei rekkje ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusiker i 2011. Fliflet har spelt i lag med markante norske folkemusikarar som Berit Opheim, Sigrid Moldestad, Gjermund Larsen og Odd Nordstoga. Fliflet har òg spelt balkanmusikk i mang slags former, m.a. med danske blåsaren Peter Bastian og sidan 1991 med trommeslagaren Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre.

Pressekritikk:
"A good tune well delivered, as Fliflet, Berg and Røine demonstrated, knows no borders and is for the ages. This was music both traditional and innovative at one and the same time."

Ian Patterson, All about jazz

Kulturraadet Sort Stor
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd


Høyr om Rose på NRK P2:  Spillerommet og Folkemusikktimen
Les meir: www.gabrielfliflet.no


Bilettar i  sal HER

Konsert I Vinjesalen Ei Raud Rose Til Rauland Lightbox Image
Foto: Vidar Herre