Norsk English

Barneverkstad

Foajéen, Kabuso

12.03.2016 11:00 til 13:00

Har du prøvd å måla med klinkekuler? Det er gøy. Då kan alt skje. Laurdag 12. mars har kunstnar Simone Hooymans verkstad for born i alle aldrar. Dropp inn i Kabuso mellom klokka 11 og 13 for leik med fargar og klinkekuler.

Simone Hooymans (f. 1974) er opphavleg frå Nederland. Ho studerte ved Kunstakademiet i Arnhem, Nederland, men har dei siste åra vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon. Ho driv og kunstskule for born i Kunstnarhuset Messen i regi av kulturskulen i Kvam.