Norsk English

Førpremiere: Borealis x Kabuso

Foajé og konsertsal, Kabuso

05.03.2016 14:00 til 17:00

Laurdag 5. mars kl 14-17: Eksklusiv førpremiere på Borealis festivalen i Kabuso. Variert program med musikk, kunst og lyd. Passar for leikne og nysgjerrige i alle aldrar!

Alle er velkomne til å høyra musikk framført av studentar frå Griegakademiet, til å fortapa seg i ein performance av den japanske lydkunstnaren Rie Nakajima, sjå ein eksperiementell film av den irske komponisten Jennifer Walshe og til lytta, spela plater og ta del i den britiske kunstnaren Mat Jenner sin installasjon FOAM, som presenterer over 125 kunstverk på vinyl - som publikum sjølve får spela.

Uansett musikksmak, kom og opplev noko nytt og fyll denne laurdagen med spanande musikalske opplevingar. Borealis er open for alle; frå førstegongslyttaren til den erfarne musikkvitar, frå dei aller minste til dei eldste og klokaste. Bli med på ei reise gjennom nye musikalske verdenar! 

PROGRAM

14.00-17.00 Mat Jenner FOAM (interaktiv installasjon)
14.00 -         Jennifer Walshe / An Gléacht  (film)
14.30 -         Griegakademiet X Borealis (konsert)
15.00 -         Jennifer Walshe / An Gléacht  (film)
15.30 -         Rie Nakajima (performance)
16.00 -         Griegakademiet X Borealis (konsert)
16.30 -         Jennifer Walshe / An Gléacht  (film)


Filmvising (30 min.)
Den irske outsider-kunstnaren Caoimhín Breathnach (1934-2009) levde som einebuar i landsbyen Knockvicar i Irland heile sitt liv. Breathnachs kunstnariske praksis fokuserte på skjulte budskap frå det underbevisste, fanga på film og kassett, i kombinasjon med Oghams magiske skalaer, krystallografi, astronomi, folklore og naturfenomen og funne lyd- og bildemateriale.
Breathnach brukte dei siste åra av livet sitt på å planlegga verket An Gléacht. Breathnach si grandniese, komponisten og artisten Jennifer Walshe, fekk i oppdrag å fullføra verket hans til Cork Film Festival i 2015.
Filmen vert vist i ny versjon på Borealis - etter visningen på Kabuso.
 
Minikonsert med  Griegakademiet
Årets konsertprogram under Borealis blir framført av studentar frå Griegakademiet under leiing av Ricardo Odriozola, og består blant anna av eit større kammermusikkverk av bergenskomponisten Ketil Hvoslef.
I Kabuso kan du oppleva Hvoslef sitt stykke Kammerspill for blåsarkvintett, strykekvintett, piano og to perkusjonistar. 
 

Installasjon FOAM v/ Mat Jenner
Snurr dine eigne unike LP-plater! Installasjonen inneheld over 125 verk, presentert som unike 12" LP-er, som besøkande vert invitert til å spele i gallerirommet.

Performance v/Rie Nakajima
Kven veit kva ein japansk lydkunstnar kan finna på?!
For Kabuso skapar den japanske lydkunstnaren Nakajima ein stadsspesifikk performance i gallerirommet, kor dei mekaniske objekta hennar forheld seg til dei arkitektoniske og romlige elementa i bygget. 

Sjå komplett program for Borelis festivalen her

Griegakademiet Web
 
Foto: Øverst: Rie Nakajima, fotograf Fabio Lugaro.  
Nederst: Griegakademiet