Norsk English

Barneverkstad

Foajeen i Kabuso

07.05.2016 11:00 til 13:00

Kom og lag ditt eige thaumatrop! Laurdag 7. mai har kunstnar Simone Hooymans verkstad for born i alle aldrar. Dropp inn i Kabuso mellom klokka 11 og 13 og finn ut korleis eit thaumatrop vert til.

Thaumatrop var eit populært leiketøy for born på 1800-tallet. Thaumatropen er ei lita rund pappskive med ulike teikningar på kvar side. Snurrar du pappskiva raskt nok rundt, rekk ikkje augo å skilje dei frå kvarandre. Dermed vil du sjå dei to ulike teikningane som eitt og same bilete.

Simone Hooymans (f. 1974) er opphavleg frå Nederland. Ho studerte ved Kunstakademiet i Arnhem, Nederland, men har dei siste åra vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon. Ho driv og kunstskule for born i Kunstnarhuset Messen i regi av kulturskulen i Kvam.