Norsk English

KUNSTbar: Samtale mellom Sigrid Szetu og Trond Borgen

Foajeen, Kabuso

19.05.2016 19:30

Kabuso introduserer KUNSTBAR - eit rom for samtalar om kunst i ei uformell setting. Torsdag 19. mai vil du møta kunstnar Sigrid Szetu og kunstkritikar Trond Borgen i samtale i Kabuso-foajeen.

Sigrid Szetu stiller for tida ut nye måleri i Kabuso. Szetu bur og arbeider i Nyksund i Vesterålen, og bileta er prega av hennar oppleving av lys og farge i møte med naturen og landskapet i nord. 

Trond Borgen har jobba som kunstkritikar sidan 1979, mellom anna for Stavanger Aftenblad. Han har og forfatta fleire bøker om samtidskunst.

Det vil vera høve for publikum å stilla spørsmål og drøfta sine refleksjonar saman med Szetu og Borgen. 

I samband med KUNSTbar blir det gratis inngang i utstillinga - som er open frå klokka 18.30.