Norsk English

Morten Qvenild - The Personal Piano

Konsertsalen, Kabuso

26.05.2016 19:30

Pianomagikar Morten Qvenild får endeleg ein eigen solo-konsert i Kabuso! Set av tordag 26. mai kl 19.30 for ei stor musikalsk oppleving! Billettar i sal her

Morten Qvenild - piano, elektronikk, vokal

Kan henda har du opplevd Qvenild i Kabuso tidlegare i strålande samspel med Solveig Slettahjell eller Frida Ånnevik m.fl?  
Denne gongen blir all merksemd vigd Qvenild og alt det utrulege berre han kan trylla fram frå eit flygel, frå elektronikk og ei stemme.
 
The HyPer(sonal) Piano
 er tittelen på Qvenild sitt stipendiatarbeid ved Norges Musikkhøgskole. Her får den erfarne pianisten (som har spela med m.a. Susanna and the Magical Orchestra, Jaga Jazzist, Susanne Sundfør og mange fleire) blant anna utløp for kjærleiken til tangentar, nysgjerrigheita på ny teknologi, hangen til dei gode melodiane og behovet for musikalsk eksperimentering og nyskaping.
Prosjektet har fått mykje positiv merksemd og det har også vorte album av herlegheita. 

 

www.hyperpiano.com