Norsk English

Gamlislarm: Daniel Kvammen

Konsertsalen, Kabuso

03.07.2016 15:00 til 16:00

Bygdalarm for gamlisar i Kabuso! Høyr Bygdalarmfavoritten Daniel Kvammen i konsertsalen, sundag 3. juli kl 15.   

Til å underhalda på denne herlege søndagen, har me altså booka tilsvarande herlege Daniel Kvammen. Den unge hallingdølen har vore spelt flittig på alle P-ane i NRK. Blandinga av fengande pop og gode, norske tekstar gjer han lett å lika. Om han er framtida for norsk popmusikk, så kan me alle sjå lyst på ho!

I tillegg til alle godsakene som kan fåast i kafeen på Kabuso, vert det servert noko lite av lokal smak. Og ikkje hiv billetten din - det vert trekning av flotte premiar.

Billett kjøper du på: https://bygdalarm.ticketco.no/gamlislarm_2016
eller eventuelt restbillettar i døra.

Arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken, Kvam herad
- og er eit samarbeid mellom Bygdalarm og Kabuso.