Norsk English

Barneverkstad: Lag lyslykter + Jenssen-krusedullfugl 

Foajeen, Kabuso

17.09.2016 11:00 til 13:00

Laurdag 17. september kl 11-13 (drop in) kan du ta med borna på to ulike aktivitetar i Kabuso:  

Hardanger Skyspace av james Turrell opnar fredag 23. september og Kabuso ynskjer seg mange fine lyslykter til opningsfesten. Bli med å lag di eiga lykt! 


«Har du høyrt om krusedullfuglen? Den kan endra seg i farge og form. Den likar å eta bollar og legg regnbogeegg. Fuglen søv, helst under jorda, i eit litt hol som ein moldvarp.»
Kom på Kabuso og lag din eigen krusedullfugl av ulike materialar! - inspirert av Olav Christopher Jenssen sine kolibriar.

Barneverkstadane i Kabuso er eit tilbod for born i alle aldrar og vert leidd av kunstnar Simone Hooymans. Ho er opphavleg frå Nederland og  studerte ved Kunstakademiet i Arnhem, Nederland. Dei siste åra har ho vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon. Ho driv og kunstskule for born i Kunstnarhuset Messen i regi av kulturskulen i Kvam.