Norsk English

Eplejazz: Erlend Apneseth trio

Foajéen, Kabuso

11.09.2016 14:00 til 15:00

Hugsar du den fantastiske felespelaren Apneseth frå tidlegare høve i Kabuso? Sundag 11. september kjem han tilbake med trioen sin og inviterar til jazzkafé i foajéen! 

Erlend Apneseth - hardingfele
Stephan Meidell - gitar
Øyvind Hegg-Lunde - trommer

Erlend Apneseth er ein prisvinnande hardingfelespelar frå Jølster i Sogn og Fjordane, og av dei aller fremste unge musikarane i landet i dag. Han har etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søkjer seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Dette har mellom anna resultert i samarbeid med dansegruppa Carte Blanche og fleire ulike improvisasjonskonstellasjonar og folk/jazz-baserte grupper, med omfattande konsertverksemd i inn og utland. 

Apneseth dannar ein eigen trio med trommeslagar Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José Gónzalés) og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher)
Billettar i sal på Ticketco 

I samarbeid med Vestnorsk jazzsenter, Den musikalske stamvegen

EApromo