Norsk English

Klassisk: Den internasjonale Edvard Grieg pianokonkurransen

Konsertsalen, Kabuso

06.09.2016 19:30

Tysdag 6. september kl 19.30 har du sjansen til å oppleva fleire internasjonale pianist-stjerneskot i Kabuso! Dette i samband med den femtande Edvard Grieg internasjonale pianokonkurransen, som går av stabelen i Bergen 2.-10. september. EG internasjonale pianokonkurranse trekkjer til seg særs talentfulle unge pianistar frå heile verda.  
    

Pianistane du kan oppleva i Kabuso er:
Yoshito Numasawa, Japan
Ilya Ramlav, Russland
Zhora Sargsyan, Armenia
Justas Stasevskij, Finland



Til årets konkurranse melde det seg heile 130 søkarar, og av desse er 30 inviterte til Bergen for å tevla om den gjeve førsteprisen på 30.000 euro.
Samarbeidspartnarar er mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet og Troldhaugens Venner.

Regional konsertturné
Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.

Tysdag den 6. september vert det dermed mogeleg å høyra eit utval av pianistane på konsertar i Erdal kyrkje på Askøy, i Nordgardsløa på Frekhaug og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio. Og altså i Kabuso kl. 19.30 same dag. 

Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Les meir om konkurransen her:
www.griegcompetition.com  

Billetar i sal HER