Norsk English

Bokpresentasjon: Mellom himmel og fjord. SJÅ!

Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

26.11.2017 14:00

Presentasjon og samtale, sundag 26. nov kl. 14 i Kunsthuset Kabuso: Boka Mellom himmel og fjord. SJÅ! er klar for lansering.

Harding Puls har saman med SKALD forlag laga ei praktbok om alle kunstverka som vart skapt utandørs langs vegen til Mælen i Herand, på museumsområde på Utne, ned til brua på Bu og i Norheimsund i 2014 til 2016.
Det er fyrste gong det er laga bok som viser samtidskunst ute i det hardangerske landskapet, - dette landskapet som gjennom nasjonalromantikken vart eit ikon for den norske identiteten. I kunstprosjektet, med same tittel som boka, inviterte Harding Puls kunstnarar frå heile Norden til Hardanger. Inspirert av naturen og kulturen, men og av globale hendingar skapte dei sine kunstverk her
saman med kunstnarane i Hardanger.


Boka vert lansert og presentert :
Fredag 24. nov kl. 19.30 på Hardanger Folkemuseum, Utne.
Laurdag 25. nov kl. 15.00 på Litteraturhuset i Odda
Sundag 26. nov kl. 14.00 på Kabuso i Øystese.
Onsdag 29. nov kl. 18.00 på KRAFT i Bergen
Sundag 3. des kl. 14 på Hardanger Kulturgalleri på Mælen i Herand

Kvart kunstverk, i alt 55 stk, er presentert med to oppslag (med
unntak av nokre få som har fått eitt oppslag). Den kjende fotografen
Oddleiv Apneseth står for dei fleste av fotografia.
I tillegg til alle dei flotte fotoa av kunstverka har kunsthistorikar
Synnøve Marie Vik skrive ein interessant artikkel der ho mellom anna
dreg linjer til Hardanger som ikon i najonslromatikken. Kjell-Erik Ruud
har skrive om eit verk som ikkje vart realisert.
Den entusiastiske journalisten i Hardanger Folkeblad, Mette Bleken,
har skrive frie assosiasjonar og tankar til kunstverka. Simone Hooymans
har vore designar for boka.