Norsk English

Stumfilmkonsert: Anders Røine band / Kristine Valdresdatter

Konsertsalen i Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

16.11.2017 19:00

For alle film-, kultur- og folkemusikkelskarar: Her får de servert ei heilt unik oppleving! I Kabuso torsdag 16. november kl 19. Det blir røft, tøft og rystande under stumfilmkonserten med Anders Røine band.

>>>FINN BILLETTAR HER

Musikarane er:
Anders Røine (song, gitar, el-gitar, langeleik, munnharpe, munnspel)
Marit Karlberg (song, langeleik, trøorgel)
Hans Hulbækmo (perkusjon, sag, munnharpe, song)
Sondre Meisfjord (kontrabass, elbass, song).

Anders Røine har laga musikk til den siste norske stumfilmen, Kristine Valdresdatter. Denne kvelden skal musikken fremførast live, medan dramatiske scenar utspelar seg på lerretet. Røine fekk endåtil Spelemannsprisen for albumet med denne musikken. Opplev Timbuktu-blues rysta veggane medan valdresspringaren går og smertefull song finn stad!

Stas er det også å kunna snurra ekte film att. Kristine Valdresdatter (1930) er regissert av mannen bak Brudeferden i Hardanger (1926), Rasmus Breistein.


I samarbeid med Kvam filmklubb


Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem