Norsk English

Kakaokonsert

Konsertsalen, Kabuso

18.02.2017 13:00

Tid for årets første kakaokonsert i Kabuso! Laurdag 18. februar kl 13 vil elevar frå Kvam kulturskule by på musikalske smakebitar frå eit stort og variert repertoar. Kan henda dukkar nokre av deltakarane frå UKM opp også?

Kakaokonsertane i Kabuso er familievennlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.

I kafeen er det høve til å nyta herleg kakao og heimebaka kaker med meir. 

I samarbeid med Kvam kulturskule
Kakaokonsert Kabuso

Illustrasjonar: Simone Hooymans