Norsk English

Opning: Ingebrigt Vik 150. Ingebrigt Vik og Bård Breivik + Annette Koefoed

Kunsthuset Kabuso og Ingebrigt Vik museum

04.03.2017 14:00 til 16:00

150-årsjubileet for Ingebrigt Vik sin fødsel vert opna med utstillingane Ingebrigt Vik 150. Ingebrigt Vik og Bård Breivik i kunsthuset Kabuso og Annette Koefoed IMAGO i Ingebrigt Vik museum.

Utstillingane vert opna av Jan H. Landro laurdag 4. mars klokka 14.00
Musikk ved Geir Botnen
Vel møtt!
Utstillingane står til 30. april.

2017_Breivik

Kabuso Vik Jubileum 2


I skulpturane til Ingebrigt Vik er det ei grunnleggande formforståing. For å framheve Vik sin sensibilitet i materialbruk, materialhandsaming og flate er Vik i denne utstillinga sett saman med Bård Breivik, frå vår eiga tid, som óg utforska og gjekk i dialog med materialane.

Ingebrigt Vik museum har Annette Koefoed omforma med sine tekstilar og skulpturar med utstillinga IMAGO.