Norsk English

Teaterførestilling: Ibsens kvinner med Juni Dahr

Konsertsalen, Kabuso

25.03.2017 18:00

Gå ikkje glipp av teaterførestillinga Ibsens kvinner av og med Juni Dahr! Presentert i Kabuso laurdag 25. mars kl 18 - i samarbeid med Kvam senioruniversitet.  

BILLETTAR FINN DU HER 

Førestillinga Ibsens kvinner viser seks av Henrik Ibsen sine kvinneskikkelsar. Juni Dahr presenterer Hilde, Hedda, fru Alving, Nora, Ellida og Hjørdis. Tekstane til Ibsen er vevd saman med hennar eigne tankar og refleksjonar rundt styrken og sårbarheita i skikkelsane og det underliggande temaet i all diktinga til Ibsen: lengtnaden etter fridom. 

Juni Dahr seier om førestillinga:
"- Henrik Ibsen stiller utfordrende spørsmål til mennesker i dag mer enn 100 år etter sin død, han viser en dyp forståelse for kvinner, Hvordan kunne han skrive så sant og ekte om kvinners tanker og følelser? Gjennom karakterene sine får han oss til å erfare våre egne liv."

«Ibsen Women - Put an eagle in a cage» vart første gong presentert på the International Ibsen Symposium ved Yale University i 1989. Førestillinga har turnert verda rundt og gjesta ei rekkje internasjonale festivalar i inn- og utland, og har mottatt fleire prisar.