Norsk English

Barneverkstad: Lik form - ulike

Kabuso

08.04.2017 12:00 til 14:00

Denne laurdagen let me oss inspirere av kunstnaren Bård Breivik som nytta same form, men kvar gong nye materialar. Me skal klyppe, lime og pynte ei pappform, og undersøke kva som skjer med forma når ho får eit anna uttrykk.

Barneverkstadane i Kabuso er eit tilbod til born i alle aldrar og vert leidd av kunstnar Simone Hooymans. Dei siste åra har ho vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon.

Mest for dei vaksne: Det vert omvising i utstillinga i Kabuso mot slutten av barneverkstaden (kl 13.30). Bli med på ein runde i jubileumsutstillinga - Ingebrigt Vik 150. Ingebrigt Vik og Bård Breivik - saman med ein av våre formidlarar.



2017_Breivik