Norsk English

Utstillingsopning: Gustav Metzger - The  Table Series

Ustillingssalen, Kabuso

27.05.2017 13:30

Velkomen til utstillingsopning i Kunsthuset Kabuso - laurdag 27. mai kl 13.30! Årets sommarutstilling syner verk av den nyleg avdøde Gustav Metzger. 

Gustav Metzger (1926-2017) var ein pioner innan aktivistisk kunst. Utstillinga i Kabuso syner eit stort utval måleri og teikningar frå 1950-talet - the table series. Dette er fyrste gong eit større utval arbeid frå denne perioden vert stilt ut samla. Bileta er ekspressive og førestiller bord, men kan og minne om soppskyer frå hydrogenbomber. I 1959 gjekk Metzger heilt vekk frå måleriet og byrja å laga kunst av kvardagslege objekt og med industrielle material. Metzger sitt samfunnsengasjement kjem tydeleg til uttrykk gjennom installasjonane Mirror Trees og Mass Media: Today and Yesterday som tek vert viste i utstillinga.