Norsk English

Bokbar: Lars Ove Seljestad og Sondre H. Bjørgum

Kunsthuset Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

08.09.2017 19:00 til 21:00

Bli med på bokbar med to hardangerforfattarar - i Kabuso fredag 8. september kl 19! Lars Ove Seljestad og Sondre Hallvardson Bjørgum presenterer kvar si aktuelle utgjeving.    

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen "Blind" (2005) som sette omgrepet "klassereise" på dagsorden i den norske offentligheita. Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med "Frægd" (2008) og så med "Fjorden" (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen.
"Isberg" (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall. Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med "Storspring. Eit fabrikkdikt" som fekk lysande meldingar. Med "Kjære bror" (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjer med si siste bok, "Ta hand om deg" (2017); Ei bok om å skriva og å leva.

Ta hand om deg er ein liten roman. Og ein stor tekst om dei viktige tinga.
Me møter ein romanforfattar som strevar med liv og skriving. Som ikkje får det til.  I eit fortvila forsøk på å blåsa nytt liv i tekst og tilvere, drar han attende til byen han levde i før han blei forfattar. På vandring i byen som ein gong var hans, blir han nådelaust konfrontert med det forgjengelege. Med tida som har gått frå han.  Men han finn også skinande minne om det som gjer det heile verdt. 

 

Seljstad Omslag Kabuso

 

Sondre Hallvardson Bjørgum vaks opp i Norheimsund. Han arbeider som dokumentarfilmskapar, samlar på setningar og bur i Oslo med Rikke og deira to born.
No er han aktuell med boka 
Fyrste gong me møtest som snø - ei nedteljing.  Her møter lesaren ein kjærleikssjuk nynorskpoet på fylla i Oslo som - endar opp på nachspiel hjå Raymond Chandler i Hardanger. 


Boka er ei nedteljing. 60 sekundar. 60 tankar. 60 dikt. Tankar, minne, fantasiar, sansningar og drømmebilete frå diktarens umedvitne fér gjennom han der han hastar gjennom eit snøvêr på veg til stemnemøte. For den nyforelska mannen står sjølve kjærleiken på spel og alskens tankar om kva som kan gå gale dreg han inn i stadig villare mentale tilstandar. Boka blir etterkvart til ein slags krimhybrid der poesien møter Twin Peaks. Ein nasjonalromantisk mordhistorie.

Det vert open kafé med (nesten) alle rettigheitar
Sal av bøker som forfattarane signerer for deg 


Arr: Huus bokhandel, Aschehoug forlag og Kabuso

 


Bjoergum Omslag Kabuso