Norsk English

Marko & Jovan

Konsertsalen, Kabuso. Hardangerfjordvegen 626, Øystese

21.01.2018 18:00

Jazz møter klezmer/rom/balkan-musikk  til musikkfest i Kabuso sundag 21. januar kl 18! To musikarar, to ulike bakgrunnar, to ulike land og to ulike instrument - sameina i rein speleglede. 
>>> BILLETTAR I SAL HER

Marko Markovic - trompet
Jovan Pavlovic - akkordeon

Marko Markovic vart fødd i Sør-Serbia og vaks opp i ein særs musikalsk familie - der faren gjerne vert rekna som ein av dei fremste trompetistane frå Balkan.
Marko starta å spela trompet som 5-åring - og som 14-åring vart han del av faren sitt orkester og drog på turne saman med dei.
Faren Boban var svært stolt av sonen sitt talent og på 18-årsdagen til Marko overlot faren brassbandet sitt til han. Sidan den gong har det vorte gitt mange strålande trompetsoloar og gjort fleire interessante samarbeid.
Marko er leiaren av Marko Markovic Brass Band.

Jovan Pavlovic vart også fødd i Serbia, i Beograd. Jovan er komponist og ein av Noregs mest anerkjende og aktive akkordeonistar. Han er leiar av ensemblet Tutti Serbia. Jovan jobbar vidare for å styrka musikalske band mellom Noreg, Palestina og Balkan.
Han er vidare utdanna ved Trondheim musikkonservatorium med romani-musikk frå Balkan og Aust-Europa som spesialfelt. Dessutan er han tre gongar kåra til jugoslavisk akkordeonmeister.
Jovan Pavlovic har tidlegare spela med Trondheimsolistene, Stina Carstensen og Farmers Market, The Brass Brothers, Frode Fjellheim, Rasmus og verdens beste band, Ola Kvernberg, Stein Torleif Bjella m.fl.
I 2017 gav han ut sin første cd med eigen trio, Jovan Pavlovic  trio - Refleks. Ikkje overraskande har han også motteke fleire Spellemann-prisar for arbeidet sitt.

 

>>> Sjå gjerne hending på Facebook for dette arrangementet

Jovan Sk

 

 

 

Filer