Norsk English

20.10 Bornas Kabuso: Min nabo Totoro

Kabuso

20.10.2018 12.00

Filmframsyning i konsertsalen. Systrene Satsuki og Mei har flytta inn i eit gamalt hus på landet, med skogen som næraste nabo. Her vert dei kjend med den enorme skogvaktaren Totoro og kattebussen. Det vert ein sommar utanom det vanlege. Lengd 1 t 26 min. Papir og blyantar ligg klare i teiknekroken etter filmen.

Inga aldersgrense, passar for alle. Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2018. Medlemmar i klubben får og rabatterte billettar til førestillinga Labyrinter 17. november.

Filer