Norsk English

19.10 Skulekonsert: Cinclus Cinclus

Stad: Konsertsalen i Kabuso

19.10.2018 12.00

I Cinclus Cinclus møter du fire leikne og nysgjerrige musikarar på lydjakt. I ein musikalsk forestilling heilt utan språk. Men fråværet av ord betyr ikkje at det ikkje kjennes meiningsfullt, tvert i mot. Også publikum får ta del i musikken, og inviterast med på ei spennande oppdagelsesferd der ingen veit heilt kva som skjuler seg bak neste sving.

Cinclus Cinclus er det latinske namnet på fossekall, ein uredd, liten skapning som lyder vakkert og optimistisk. Det er ei passande beskriving på det norsk-britiske samarbeidet som Vestnorsk Jazzsenter tok initiativ til i mai i 2017. Målet var å lage ein ny konsertproduksjon for barn, som kunne fungera kor som helst i verda, og ikkje være avhengig av eit bestemt språk. For å sitere ein av musikarane; «språk er det mer enn nok av andre steder». Sidan då har Matt Robinson (saksofon), Maja Bugge (cello), Per Jørgensen (trompet, vokal, perkusjon) og Terje Isungset (trommer, stein og bjørkepinnar) møtst til øvingar både i England og i Noreg. Tidlegare i år møttest dei til ei prøveforestilling for eit ekspertpanel beståande av 15 fjerdeklassingar frå Møhlenpris Skole samt premiere på årets Vossa Jazz. Begge konsertane blei tatt svært godt imot.

 

Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen  står  for  ca.  40  konserter  i  året. Siden  oppstarten  har  nærmere  170  musikere  vært med.  I  all  hovedsak musikere  bosatt  på  Vestlandet. Til sammen har disse besøkt om lag 50 arrangører i vår region. Slik ser aktuelle turné-rute ut:

 

Torsdag 18. Oktober - Sand
Fredag 19. Oktober - Øystese
Lørdag 20. Oktober - Os
Søndag 21. Oktober - Bergen
Mandag 22. Oktober - Florø

Video frå prøveforestilling: https://www.youtube.com/watch?v=iJE4_-2qw3I
Anmeldelse frå Vossa Jazz: http://www.ballade.no/sak/stor-variasjon-for-sma-publikummere/