Norsk English

AVLYST Erlend Apneseth Trio med Erlend O. Nødtvedt

Stad: Konsertsalen i Kabuso

20.10.2018 18.00

Konserten er avlyst pga. sjukdom, men vil bli satt opp på eit seinare tidspunkt.
Apneseth Trio kjem til Kabuso for å spele musikk frå platene "Det Andre Rommet" og "Åra". - Begge platene blei Spellemannsnominert i Åpen Klasse.
Erlend O. Nødtvedt kjem til å lese frå blant anna boka si Vestlandet.  Samarbeidet er eit samspel mellom lyd og tekst, der mange av låtane vert improviserte vidare med tekstane til Nødtvedt. Dei har blant anna spelt inn ei låt, "Lysne", der Nødtvedt les opp tekstar frå boka si Vestlandet.

 

Hardingfelevirtuos Erlend Apneseth tatt steget inn i eit ope landskap i ein trio med breid erfaring frå både improvisasjonsmusikk og rock. Bandleiaren er ein av landets fremste hardingfeleutøvarar, opptrer i A-klassen under Landskappleiken, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester og har etterkvart motteke nok prisar til å gjera støvtørking på peishylla til ei komplisert affære.Trioen består av trommeslager Øyvind Hegg-Lunde (Electric Eye, Building Instrument, José González) og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher), som i ei  årrekke har spelt saman i duoprosjektet Strings & Timpani før Erlend inviterte dei inn i sitt prosjekt. Trioens første album Det andre rommet har fått fantastiske omtalar i alt frå MOJO til Dag & Tid.

> Erlend Apneseth Trio slapp i 2016 albumet, "Det Andre Rommet", på det renommerte plateselskapet Hubro. Plata fekk overveldande kritikkar i Noreg, såvel internasjonalt, som i magasin som MOJO og BBC Music Magazine. Den havna på fleire årets beste-lister, gjennom blant anna Aftenposten og Dagsavisen. I tillegg vant plata Folkelarmprisen og blei nominert til Spellemannsprisen i Noreg i kategorien "Åpen Klasse". 

> September 2017 slapp bandet på nytt album, "Åra", til strålande kritikkar både her heime og i utlandet. Også dette albumet blei nominert til Spellemann i Åpen Klasse. 

Erlend Apneseth (hardingfele)
Stephan Meidell (gitar, effektar)
Øyvind Hegg-Lunde (trommer, perkusjon)

_________________________________

Med seg i Kabuso denne kvelden har dei også: Erlend O. Nødtvedt

Noedtvedt Erlend Foto Elias Dahlen Aschehoug

Foto: Elias Dahlen (Aschehoug)

Erlend O. Nødtvedt debuterte med diktsamlinga «Harudes» i 2008. Sidan då har han gjeve ut diktsamlingane «Bergens beskrivelse» (2011) og «Trollsuiten» (2014). Nødtvedt er ansett som ein av sin generasjons mest sentrale lyrikarar, og han har begeistra anmeldarane. "Dette vil med stor sannsynligheit vera ein av poesihaustens mest potente og originale utgjevnadar," skreiv blant anna BTs anmeldar om «Bergens beskrivelse».

Og nettopp originalitet er eit sentralt ord i forhold til Nødtvedts lyrikk, hans dikt har ei særeigen energisk, vilter og besvergende form som har bragt noko nytt inn i norsk poesi. For diktsamlingane har han vunne prisar som Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017.

Hausten 2017 gav Nødtvedt ut sin første roman «Vestlandet». Den fikk strålande mottaking og er blant anna blitt omtala som "en praktfull ode til Vestlandet" og "rein fest og sælebot". Nødtvedt blei kåra til ein av de ti fremste unge, norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Nødtvedt seier fylgjande om å koma til Kabuso denne laurdagskvelden:
Jeg kan si at jeg virkelig gleder meg til å opptre i Kabuso, et hus jeg har hørt veldig mye bra om, men ennå ikke hatt anledning til å besøke selv.

Ellers er det å få lese opp sammen med Erlend Apneseth trio like stort hver gang. Foruten å være et fantastisk band, både på plate og kanskje spesielt live, har de et uttrykk som jeg føler meg beslektet med og som setter min egen litteratur inn i andre og ofte uventede settinger.

Sjå og høyr: 
Erlend Apneseth Trio og Erlend O. Nødtvedt: LYSNE

Kr. 250,-
Billettar kan du sikra deg her: www.ticketco.no

Les meir om konsertar- og arrangement i Kunsthuset Kabuso!