Norsk English

04.10 Trio Vivente

Stad: Konsertsalen i Kabuso

04.10.2018 19.00

Kom og høyr den tyske trioen som består av damene  Jutta Ernst på piano, Anne Katharina Schreiber på fiolin og Kristin von der Goltz på cello. Dei vil spela si tolking av både Beethoven og Brahms i konsertsalen i Kabuso.

Trio Vivente har med sin sensuelle og energiske tilnærming til musikk, utan tvil kome saman med prestisjefylte ensambler. Dei har underhaldt publikum, presse og radiolyttarar med sine friske tolkningar i 25 år.

Fiolinisten Anne Katharina Schreiber og cellisten Kristin von der Goltz, som begge har langvarig kjennskap med det prestisjefylte barokke orkesteret Freiburg og Berlons barokkolister, er kjende ekspertar i historisk opptreden. Saman med pianisten Jutta Ernst, bringer dei frisk pust til trio repertoaret, frå klassisk til moderne.

Gjennom sitt fargerike samspel oppstår ei sjeldan intensiv eining, og i tolkningas vitalitet lever Trio Vivente opp til sitt namn: levande, energisk og autentisk.

Omfattande erfaring innan solo og orkesterkonsert, samt kunstnerisk undervisning på musikkskular og i masterklassar (sistnemde, ved Montepulciano i Italia i 2016), har berika trioens leik med stadig nye impulsar og idear.

Saman med dei etablerte verka i trio-repertoaret har kvinnelege komponistar som Fanny Hensel, Clara Schumann og Emilie Mayer ein permanent plass i trioens konsertprogram. Ensamblen er også dedikert til å fremheva mindre kjende trioar av alle epokar, saman med samtidige verk av Wolfgang Rihm, Volker David Kirchner og Marc-Aurel Floros.

Trio Vivente har vore ein velkomen gjest på ulike prestisjetunge konsertar. Dei har framført på festivalar som Ludwigsburger Schlossfestspiele og Musikfestspiele Saar.

_______

Program torsdag 4. oktober kl 19 - i Kabuso:

Ludwig van Beethoven (1770-1827)   
Piano Trio  B-flat major, Op. 97  "Archduke"                                     

Allegro moderato
Scherzo allegro
Andante cantabile, ma però con moto
Allegro moderato

Pause

Johannes Brahms (1833-1897)  
Piano Trio in C major op.87                                    

Allegro
Andante con moto
Scherzo.Presto
Finale. Allegro giocoso

_______

Pris kr 180,-
Billett kan du få kjøpt her!

Sjå resten av konsertane og arrangementa i Kabuso 2018 her!

Foto: Marco Borggreve