Norsk English

Stille visningar: Trudi Jaeger / Vestlandsutstillingen

Kunsthuset Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

28.04.2018 14.00 til 20.05.2018 14.00

Trudi Jaeger er til stades og har stille visning i utstillinga VU18: Trudi Jaeger. Ho vil løfte opp og vise fram teikningane, slik at fleire teikningar og nye kvalitetar ved arbeida kjem til syne.

Aktuelle tider:
Sundag 22. april kl 14
Sundag 29. april kl 14
Sundag 6. mai kl 14
Sundag 20. april kl 14 (NB! Siste dag for utstillinga)

Utstillinga Trudi Jaeger: QUARTUS Illuminations - Atlas littoralis er kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består av seks separatutstillingar på seks ulike visningsstader rundt om i landsdelen.

Trudi Jaeger jobbar stadsrelatert med maleri og teikning som ofte har utspring i sårbare områder som rører ved henne, slik som den unike kystfloraen på Vestlandet, som har måtta tilpassa seg dei harde omgjevnadene. Lys fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med og abstraherer. Hennar prosess kan sjåast i samanheng med action painting, der konsentrert nærvære som meditativ performance, fullstendig ro og konsentrasjon er essensielt. Utstillinga 'QUARTUS Illuminations - Atlas Littoralis' består av maleri og arkitektoniske grep for å relatere dei romlege spenningane i arbeida til utstillingsrommet i Kabuso.

Img 0273 Red