Norsk English

Utstillingsopning: Vestlandsutstillingen - Trudi Jaeger

Kunsthuset Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

14.04.2018 13.30 til 16.00

Utstillinga vert kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18) - ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består i år av seks separatutstillingar og i perioden 14. april til 20. mai viser Kabuso altså ei av desse:
Trudi Jaeger - QUARTUS Illuminations - Atlas Littoralis

Utstillinga består av måleri, teikningar og arkitektoniske grep i utstillingsrommet i Kabuso.

Trudi Jaeger jobbar stadsrelatert med maleri og teikning som ofte har utspring i sårbare områder som rører ved henne, slik som den unike kystfloraen på Vestlandet, som har måtta tilpassa seg dei harde omgjevnadene.
Lys fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med og abstraherer. Hennar prosess kan sjåast i samanheng med action painting, der konsentrert nærvære som meditativ performance, fullstendig ro og konsentrasjon er essensielt. Utstillinga 'QUARTUS Illuminations - Atlas Littoralis' vil bestå av maleri og arkitektoniske grep for å relatere dei romlege spenningane i arbeida til utstillingsrommet i Kabuso.

>>> Sjå nettstaden til Trudi Jaeger her


Dei øvrige utstillingane som er del av årets Vestlandsutstilling er:
* Karen Skog (R) - Haugesund Billedgalleri - 27.april - 27.mai
* Blomgren & Skuladottir (H) - Kunsthall Stavanger - 14.juni - 12.aug.
* Magnhild Øen Nordahl (SF) - Førdehuset - 1.-30.sept.
* Ragnhild Aamås (MR) - Kunstmuseet KUBE - 24. Aug - 7. Oct
* Eivind Egeland (R) - Entrée - 13.okt.-17.nov.

>>>Les meir om Vestlandsutstillingen her

>>> Sjekk hendig på Facebook her