Norsk English

Meisterklassekonsert

Kammermusikksalen i Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

07.06.2018 18.00

Torsdag 7. juni kl 18, kammermusikksalen i Kabuso: I løpet av fem dagar med meisterklassar under leiing av Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse og Marianna Shirinyan vil åtte utvalte unge, internasjonale pianistar ha fått finpussa teknikken sin. Resultatet får me høyra når det vert duka til meisterklassekonsert i Hardanger sin fremste kammermusikksal.

Prof. Jiri Hlinka Klaverakademi er ein internasjonal lærestad for pianistar og kammermusikarar, med base på Rekstensamlingene i Bergen. Tre gongar i året inviterer klaverakademiet til meisterklassar som varar 5-8 dagar, der handplukka pianistar og pedagogar gjev undervisning for unge pianistar på høgaste nivå.

Kunstnarleg  leiing for akademiet er pianistane Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse, Christian Ihle Hadland og Geir Botnen. Dei er alle tidligare studentar av Prof. Jiri Hlinka.

Arr: Hardingtonar og Kabuso


Billettar:
* 250,- inkl. konsert og adgang til utstillingane i Kabuso og Ingebrigt Vik museum
* 425,- inkl dagens middag på Kabuso før konserten + inngang i utstillingane både i Kabuso og i Ingebrigt Vik museet.

>>> KJØP BILLETTAR HER