Norsk English

09.09 Litterær konsert: Vinje, vår mann

Stad: Konsertsalen i Kabuso

09.09.2018 18.00

6. april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren  med ein ny litterær konsert og teater-produksjon:  "Vinje, vår mann".

I denne litterære framsyninga fortel forfattar Lars Amund Vaage om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis.

Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

Manus: Lars Amund Vaage
Regi: Bodil Kvamme, Sogn og Fjordane Teater
Ide og prosjektutvikling: Janne Karin Støylen, Rom for ord.

Framsyninga vert produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord og Norsk kulturråd.

Pris kr. 175,-
Billettar kan du kjøpa her: www.ticketco.no

Medlem av Kvam mållag får 20% rabatt