Norsk English

Gabriel Fliflet & Co - Sevje

Konsertsalen i Kabuso

20.09.2018 19.00 til 20.00

I konserten Sevje syng Gabriel eigne melodiar, med nerve og nærvær. Eigne ord og tekstar av Per Olav Kaldestad, Kjartan Fløgstad, Robert Burns og andre. Her er viser med eit fast handtrykk og melodiar ein ikkje vil krangla med.

Klangbotn frå eit liv i mang slags folkemusikk. Ru røyst. Poesi, luft og ettertanke - og eit underfundig smil. All musikk er laga dei siste to-tre åra.

Gabriel spelar sjølvsagt også, på piano og trekkspill. Utsøkte musikarar er med han på scena: Per Jørgensen (trompet), Jørgen Sandvik (gitar, koring) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, koring).

Konserten i Osasalen laurdagskvelden blei ei hyggeleg påminning om kor framifrå Fliflet er som vokalist ... Eit glitrande band var med på å gjera konserten fullkomen. 
- Lars Mossefinn, www.salt-peanuts.eu 

Sjelden har du hørt så mye levd liv i en og samme sangstemme... Tekstene har brodd, de er smarte og gjenkjennelige, mens de sjarmerende melodiene både egger og henriver ... her er kraft i hver tone...en av årets vakreste og mest direkte utgivelser.
- Petter Lønningen, Bergens Tidende (Seks hjerter av seks mulige) 

- han er en lytter og møter alle musikalske innfall med åpne armer. Og han er et sant musisk menneske som leter etter originale klangrom...Sevje er hans beste plate til nå.
- Kjetil Bjørgan, Klassekampen

Pris kr. 250,-
Billett får du kjøpt her: www.ticketco.no