Norsk English

Skule og barnehage

Kabuso tilbyr alderstilpassa formidlingsopplegg til barnehagar og skuleklassar i dei skiftande utstillingane og Ingebrigt Vik museum.

Opplegga endrar seg tematisk etter kva for emne som kan vere aktuelle. Tema som kva kunst er, former og farger ein kan kjenna att og korleis ein kan lesa eit kunstverk går igjen. Me legg og stor vekt på elevane sine opplevingar av kunst og nyttar dette til samtalar og diskusjonar. Opplegga er ein kombinasjon av samtale/omvising og praktiske oppgåver frå korte skriveoppgåver til kreativ verkstad.

Ingebrigt Vik museum er ope for skuleklassar og barnehagar heile året.


For å få best mogleg utbytte av besøket bør ein setja av minst ein time.
Omvisingar i utstillingane er gratis for barnehagar og skuleklassar på alle trinn, og Den kulturelle skulesekken dekkjer eventuelle utgifter ved transport for 1.-10. klasse for skular som held til i Kvam.

Ta gjerne kontakt ved ynskje om omvisingar:
Tlf  47 47 99 87 eller post@kabuso.no

Filer

Flere bilder

  • temp_barnehage
  • akvarell
  • superman
  • blåbær
  • blyanter