Norsk English

Teiknestund i Ingebrigt Vik museum

Opplev det unike museumsbygget frå 1934 og slepp kreativiteten laus. Omgitt av statuane av Edvard Grieg, Camilla Collett, blyge jenter og tankefulle koner får du og gruppa di eit innblikk i dei mange gledene og løyndommane ved teikning.

Alle kan teikne. Kunsten er å sjå, å teikne med auga. De vil få testa ut ulike teiknematerial. Kva kan ein få til med eit stykke kol, og korleis kan dei ulike blyantane nyttas. Korleis få teikninga di til å virka tredimensjonal. Lær deg kunstnaren sine beste triks og tips. De vil få høve til å teikna med utgangspunkt i noko konkret og samstundes sleppe fantasien laus.

Workshopen vert leia av ein profesjonell kunstnar. Gruppa di vil få høve til å arbeide med nye sider ved dykk sjølv, samstundes som de får gjere noko saman i ein kreativ og skapande kontekst. Det er ikkje nødvendig med forkunnskapar for å delta.

Flere bilder

  • Ingebrigt Vik Museum 2 Foto Katrine Helgheim
  • 9O8a2301